Kirsten Bach til minne
Kirsten vaks opp i Skage og fekk med seg krigstida under sin barrndom. Ho var som mora og vår tante Olga eit roleg og stille menneske, men fekk ta i mange tak opp gjennom tida med gardsdrifta og mange ungar, som skulle ha sitt stelll og omsorg i ...
Publisert: 03.05.2021 kl 11:19
Kirsten vaks opp i Skage og fekk med seg krigstida under sin barrndom. Ho var som mora og vår tante Olga eit roleg og stille menneske, men fekk ta i mange tak opp gjennom tida med gardsdrifta og mange ungar, som skulle ha sitt stelll og omsorg i mange år framover, som ein måtte den gongen utan barnehagar å sende ungane til.
Men det var i barndomen vår at det var stor kontakt med dei på Heimstad og oss i Lauvli, gjennom at onkel Johannes nesten dagleg kom oppom ein tur til oss. For han Johannes var så glad i å diskuter med far min. Slik vart det til at vi vart nesten som ein storfamilie i barndomen vår.
Men Kirsten hadde råka på han Odd frå Foldereid, så slik vart det til at eg som «gutonge» også vart beden i bryllaupet deira, som det første bryllaupet eg fekk vere med på, midt på 50 talet. Der han Johan Nagelhus og Nils Solum spella til dans ut på kvelden. Så dette var eitt av dei siste tradisjonelle bryllaupa som vart halde før slagermusikken tok overhand. Så det vart eit viktig minne for meg, da det seinare vart organisert leikarring, som etter kvart vart eit viktig innslag for oss som var unge den gongen.
Femtitalet sin måte å kome seg fram på var enten med sykkel, hest eller med toget til Namsos, så når det var 3 km i mellom hugsar eg at vi kjørte hest til juleselskap til Heimstad, for bil vart det først rundt 1960 der han Johannes kjøpte seg ein Ford Anglia. For Johannes var nok ivrigare på alt det nye enn far min var. Men bil vart det også hos oss etter kvart, så da hendte det at vi drog til Foldereid for å besøke dei, for også han Odd var ivrig til å diskutere slik far var. Så også han far tykte det var stas å kome dit, for det vart etter kvart at det vaks til ein stor barnefamilie etter dei. Og det var ikkje serleg merkeleg for oss at også Odd vart ordførar i det som hadde blitt til Nærøy kommune.
Så vi andre såg på Kirsten og Odd som eit godt samansveisa par, som drog godt i lag. Med brua som var bygd over Foldereid-straumen rundt 1960, så vart det så mykje enklare å ta seg ein tur, når ein slapp ferja lengre inne i fjorden. Også etterkomarane etter Kirsten og Odd er no spreidd rundt i Trøndelag, som har gått svært mykje i fotspora deira. Og ungan deira likeså. Så når ein har reist på festivalar og stemner så har vi møttes mange gonger den yngre garde etter dei. Så dette håpar eg vi kan gjere når pandemien som kom, glir over. Når det er berre eit visst tal menneske som får delta i gravferdene, så ønsker eg berre å lyse fred over også Kirsten sitt gode minne, som vi har om dei på «Faillri-går'n».
Magne Rønning