Ytringen

Høgre slurvar med skattemilliardar

Sigbjørn Gjelsvik, finanspolitisk talsperson for Senterpartiet

Publisert:

Rune Arstein frå Høgre påstår i Ytringen 26. august at «Sp vil øke formuesskatten med godt over 50 prosent». Her må Høgrepolitikaren ha rota godt med kalkulatoren - om han i det heile har tatt seg bryet med å finne den fram. I vårt alternative statsbudsjettet for 2021 føreslår vi ei reversering av nokre av dei kutta som har vorte gjort i formueskatten dei seinare åra. Med desse endringane vil formuesskatten liggje langt under nivået den var på i 2013 då Solberg-regjeringa tok over. Samstundes vil våre endringar medføre ein langt betre fordelingsprofil. Senterpartiet går både inn for å auke botnfrådraget og rabatten for driftsmidlar. Sist Senterpartiet sat i regjering vart det langt færre som måtte betale formuesskatt, ein reduksjon frå 30 til 14 prosent. Under Solberg-regjeringa har prosentdelen sokke minimalt og dei siste åra har faktisk fleire mått betale formuesskatt. Arstein hevdar at det er distrikta som vert tappa for pengar gjennom formuesskatten. Sjølvsagt er det også folk i distrikta som betalar formueskatt og ein del lokale eigarar av hotell og overnattingsstadar har sågar fått auka formueskatt under dei siste åtte åra med Høgre og Frp-styre. Mellom anna derfor har Senterpartiet over lengre tid jobba for å få innført verdsettingsrabatt på norskåtte hotell og overnattingsstader. Vi har også tatt til orde for å endre kalkulasjonsfaktor for beregning av ligningsverdi på næringseigedom, ein faktor som professor Jarle Møen ved NHH har påpeika per i dag slår skeivt og urettferdig ut geografisk og bideg til å drive investeringar mot eigedom i byane og bort fra bedrifter i distrikta. Men i stort er ikkje formueskatten nokon «distriktsskatt». Tvert om betalar folk i Oslo, Asker og Bærum over 40 prosent av all formuesskatt i Noreg. Tek ein med Bergen og Trondheim også, vert prosentdelen over 50. Med Senterpartiets opplegg vil formuesskatten verte endå meir desentraliserande – for medan Høgre prioriterer å endre formuesskatten slik at det er dei aller rikaste, som oftast sit i Oslo, som kjem best ut, så prioriterer Senterpartiet endringar som først og fremst kjem distriktsnæringslivet til gode.

Senterpartiet går elles til val på at ein arbeidstakar med normal inntekt skal få 2200 kroner i skattelette på inntektsskatten og at avgiftene som råkar vanlege folk skal reduserast med fleire milliardar kroner. Vi går også til val for betydelege styrkingar av avskrivingsordningar, som vil gjere det meir attraktivt å investere i næringsverksemd i heile landet. Men Arsteins parti vil heller prioritere skattelette til aksjespekulantar på Aker brygge. Det er ei ærleg sak, men det bergar ikkje ein einaste arbeidsplass i Nærøysund.