Leserinnlegg:
Nærøysund storkommune er eit synkande skip. Kapteinen er full og mannskapet ligg basta og bunde.
Av Lillian Marie Govasli, utflytta NÆRØYVÆRING.
Mi gamle barneskule Foldereid oppvekstsenter er nedleggingstruga. Det er og Gravvik oppvekstsenter.
Lokale legekontor skal dei og leggja ned. Folk frå indre del av Foldereid skal verte køyrd til Rørvik med 40 i feber, beinbrot eller mogleg hjarteinfarkt.
Det skal tynnast i folketalet. Det er for mange folk. Særleg er det for mange folk over 67, ulønnsomme menneske- ein byrde for samfunnet.
Sjølv dei søte små,- frå seks-åringane som strevar med å lære alfabetet, til dei som er litt større, er ulønnsamme- ein byrde for samfunnet. Ein lyt likevel prøve å lære dei eit og anna, men nærskulene treng vi ikkje.
Bussane går så billig i dag og buss-sjåførar er underbetalt arbeidskraft. Dei små treng ikkje fritid, den brukar dei så allikevel på PC-en, og blir meir digitalt forderva enn dei allereie var frå før.
Lokalsamfunn treng vi heller ikkje. Ikkje nokon stad i landet, ikkje i Lurøy, ikkje i Leka, legg ned skiten.
Kommunedirektør og Co- våre «kjære» folkevalde, skjerp dykk! Dykk misbrukar ordet «bærekraft» - skuldar på at det er så berekraftig å leggje ned grendeskulene… Eg skal fortelje dykk kva berekraft eigentleg er.
Berekraft handlar om å skape lokal livskvalitet og sosiale verdier. Alle skal ha lik tilgang til ressurser, fasiliteter og fellesgoder.
Berekraft handlar og om lokal kontroll og engasjement, om økonomisk levedyktige lokale bedrifter, og om kulturell rikdom; kulturarv, tradisjonar og særpreg.
Kven skal handle på Joker Foldereid, Kobi-Butikken, Byggtorget Skeie-Bygg etc når folket blir nøydd til å flytte frå bygda?
På Foldereid kan småungar måtte reise med buss i to-tre timar per dag. Livskvalitet? Berekraft?
Alt dette - berre for at storkommunen skal spare inn 5,35 millionar kroner per år ved å leggje ned Foldereid skule,- og 3,6 millionar per år ved å leggje ned Gravvik oppvekstsenter.
Kom i hug då, at lærarar og assistentar som er tilsette i desse skulene ikkje kan seiast opp, så lønnsutgiftene for kommunen vil bli dei samme. Så kva er problemet? Dyr straum i gamle skulebygg…?!
Eller er det deilig for dei som sit og administrerer å kjenne på kjensla av makt?
Kjære innbyggarar i Foldereid-samfunnet; KJEMP!!
Ikkje la dei ta frå dykk det dykk har rettmessig krav på; Lik tilgang til ressursar, fasilitetar og fellesgoder for alle, kontroll og engasjement og kulturell rikdom!